Reinsing av tennene for plakk og tannstein er viktig for å halde tannkjøttet friskt. Har ein mykje plakk og tannstein kan ein oppleve eit lett blødande og hovent tannkjøtt, ein har fått betennelse i tannkjøttet.
Ein overflatisk betennelse som får stå ubehandla over tid kan føre til periodontitt. Dette er ein djupare betennelse som går laus på tennene sitt festeapparat, ein får redusert beinnivå og kan oppleve å få lause tenner.
Faktorar som spelar inn på utviklinga av periodontitt er blant anna røyking, stress, arvelege faktorar og redusert munnhygiene.
Viktig å halde tannkjøtet friskt